Sande kyrkjelydshus

Kyrkjelydshuset står ved sida av Sande kyrkje. Her er god plass til mange slags arrangement. Vi har wifi, lydannlegg, prosjektor og skjerm. Kjøkkenet er nytt, stort og velutstyrt. Flygelet kan du òg bruke mot eit tillegg i prisen.

Publisert:

Sande kyrkjelydshus

Kven kan leige kyrkjelydshuset?
Vi ynskjer velkomen både til barnedåp, til bursdagsfeiring for store og små, konfirmasjon, bryllaup og minnesamvær, kurs, basar og konsert. Huset er eit kyrkjelydshus, og alkohol kan difor ikkje nyttast her. Har du spørsmål og lurar du på om dette er noko for deg neste gong du skal ha selskap, ta kontakt, vi syner deg gjerne lokala.

Utleigeprisane f.o.m. 01.02.2026  
Storsal utan kjøken  kr. 900
Småsal utan kjøken kr. 500
Småsal med kjøken kr. 1000
Storsal og småsal med kjøken kr. 1800
Konsertar og inntektsgjevande arrangement 10% av billettinntekt, minstepris kr. 1800
Overnatting med kjøken og opphaldsrom  kr. 120 pr. person
   
NB!  Vask kjem i tillegg til utleigeprisane kr. 400 pr time (vanlegvis 1 time)
   
Lån av møblar:  
Utlån av bord, pr. bord  kr. 70
Utlån av stolar, pr. stol    kr. 35  (ikkje stolane på biletet)
   
Leige av flygel:  
Konserter ved inngangspengar kr. 400
Arrangement utan inntekt  kr. 100
Evangeliske møter  kr. 50
Basarar kr. 100

For å bestille huset, ring sentralbordet 57 82 81 80 og be om Sande kyrkjelydshus
eller send epost til post.gaular@kyrkja.no.

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"